Harde kampar i naboregionen til Tigray

Minst 20 sivile er drepne og tusenvis er drivne på flukt frå harde kampar mellom opprørarar og regjeringsstøtta styrkar i Tigrays naboregion Afar i Etiopia.
utenriks

– Dei harde kampane held fram. Rundt 70.000 menneske er direkte ramma og drivne på flukt. Over 20 sivile er drepne, seier ein talsmann for Etiopias byrå for katastrofeberedskap, Mohammed Hussen, som er stasjonert i Afar.

Statsministeren i Etiopia, Abiy Ahmed, sende i november store styrkar inn i Tigray-regionen for å nedkjempe det regjerande partiet i regionen, Tigray-folkets frigjeringsfront (TPLF).

Eritreiske styrkar hjelpte til i offensiven, og det same gjorde milits frå Amhara-regionen.

Tok tilbake

Ein månad seinare erklærte Abiy siger, men kamphandlingane fortsette. Tusenvis av menneske er ifølgje FN drepne, titusenvis er drivne på flukt og hundretusen svelt.

I juni tok TPLF tilbake regionhovudstaden Mekele, og Abiy erklærte då våpenkvile. Kampane har likevel halde fram, først og fremst vest og sør i Tigray, der regjeringsstøtta milits frå Amhara-regionen rykte inn tidleg i krigen.

Kryssa grensa

Spesialstyrkar frå Oromia-regionen, som Abiy kjem frå, er no på plass i Afar, saman med regjeringsstøtta milits frå fleire andre regionar i Etiopia.

I helga vart dei angripne av TPFL-soldatar og sidan har det rasa harde kampar med fleire involverte i området.

– Juntaen kryssa grensa til Afar og angreip eit uskuldig jordbrukssamfunn, seier Mohammed, som omtalte TPLF som ein junta.

– Dei prøver å leggje under seg afarfolket. No har føderale styrkar slutta seg til spesialstyrken til Afar, lokalsamfunnet og Afar-militsen. Dei siste dagane har afarfolket kjempa og verna seg sjølv, seier han.

For å stanse offensiv

Ein talsmann for TPLF stadfestar at styrkar er aktive i Afar, men seier at det er eit svar på styrkeoppbygginga som tyder på ein snarleg offensiv mot Tigray.

Talsmannen Getachew Reda avviser påstandar frå regjeringa i Addis Abeba om at TPLF blokkerer sendingar av naudhjelp frå Afar til Tigray.

Afar er strategisk viktig sidan hovudvegen og jernbanen mellom Djibouti og Addis Abeba passerer gjennom regionen. Djibouti er den einaste hamna Etiopia kan nytte, sidan landet sjølv ikkje grensar til havet.

Naudhjelpskolonne angripen

I helga vart ein lastebilkolonne frå FNs matvareprogram (WFP) angripen i Afar, men TPLF nektar for at det var dei som stod bak.

– Det går ingen kampar føre seg i nærleiken av hovudvegen, seier han.

Regjeringa i Addis Abeba stemplar TPLF som ein terroristorganisasjon, og Abiy omtalte dei i helga som «Etiopias kreft» i ei Twitter-melding.

(©NPK)