India avviser rapport om fleire millionar koronadødsfall

Indiske styresmakter avviser ein ny studie som konkluderer med at landet har hatt opptil ti gonger fleire koronadødsfall enn det som offisielt er registrert.
utenriks

Studien, som er utført av Center for Global Development, har mellom anna analysert overdødelegheit og konkluderer med at koronapandemien truleg har kosta mellom 3,4 og 4,7 millionar liv i India.

Det offisielle talet til styresmaktene på døde var torsdag 419.000, og indiske helsestyresmakter kallar studien «villeiande» og «feilaktig».

(©NPK)