Over halvparten av den vaksne befolkninga i EU er fullvaksinert

200 millionar i EU har til no vorte fullvaksinerte, noko som utgjer over halvparten av den vaksne befolkninga, ifølgje EU.
utenriks

54,7 prosent har vorte fullvaksinert, ifølgje talsperson Dana Spinant i EU-kommisjonen. Dette er personar som anten har fått to dosar eller éin dose, om det dreier seg om Janssen-vaksinen.

EU heng likevel etter målet om 70 prosent vaksinasjonsdekning i sommar, ifølgje AFP.

(©NPK)