Smitterekord i OL-byen Tokyo

Tokyo har registrert 1.979 nye tilfelle av koronasmitte det siste døgnet, og dette er det høgaste talet på seks månader.
utenriks

Den førre smitterekorden i Tokyo vart sett 15. januar då 2.044 fekk påvist koronaviruset.

Statsminister Yoshihide Suga og Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) har vedteke at sommar-OL skal gå av stabelen, trass i pandemi og smittebløming.

Suga innførte unntakstilstand i Tokyo 12. juli, og berre eit fåtal publikum slepp inn på OL-arenaene. Det er òg innført forbod mot alkoholservering og kortare opningstid for restaurantar.

850.000 har fått påvist smitte i Japan, der det er registrert litt over 15.000 koronarelaterte dødsfall. Dei fleste i år.

(©NPK)