To av tre drukningsulykker skjer i Asia og Stillehavs-regionen

236.000 menneske omkom i drukningsulykker i 2019. 61 prosent av drukningsdødsfalla fann stad i Asia og Stillehavs-regionen, ifølgje WHO.
utenriks

Verdshelseorganisasjonen (WHO) fryktar at klimaendringane vil føre til meir flaum, og at dette vil krevje endå fleire liv.

– Sjølv om mange liv går tapt kvart einaste år, er drukning i stor grad ein oversett trussel mot helsa og velværet til folk, seier WHO-leiar i Søraust-Asia, Poonam Khetrapal Singh.

I Søraust-Asia, som omfattar elleve land, omkom over 70.000 menneske i drukningsulykker i 2019. Dette er det siste året det finst komplett statistikk for. Kvart tredje dødsfall var eit barn under 15 år.

I den vestlege Stillehavs-regionen, som mellom anna inkluderer Kina, Japan og Australia, omkom 74.000 det året. To av tre var menn, og kvar tredje var over 65 år.

(©NPK)