Israelsk Høgsterett utset utkastingar frå Sheikh Jarrah

Israelsk Høgsterett utsette måndag på nytt saka om palestinske familiar som risikerer å bli kasta ut av heimane sine i okkuperte Aust-Jerusalem.
utenriks

Israelske styresmakter varsla tidlegare i år utkasting av fleire palestinske familiar i Sheikh Jarrah-området i Aust-Jerusalem, for å gi husa deira til jødiske busetjarar.

Israelsk Høgsterett skulle ha komme med ei rettsavgjerd i saka 10. mai, men riksadvokat Avichai Mandelblit greip då inn og utsette avgjerda.

Den planlagde utkastinga var ein medverkande faktor for krigen mellom militante grupper på Gazastripa og Israel i mai.

Måndag utsette israelsk Høgsterett på nytt avgjerda og etterlyste meir dokumentasjon i saka.

Det er ikkje sett nokon ny dato for når ei rettsavgjerd kan ventast.

(©NPK)