Taliban rykker fram, blir skulda for massakre

Afghanske regjeringsstyrkar kjempar for å unngå at den første store byen fell i Talibans hender. Hovudstaden i Helmand-provinsen er under angrep.
utenriks

Etter at Nato og USA starta tilbaketrekkinga frå Afghanistan tidlegare i år, har tryggingssituasjonen forverra seg kraftig i det krigsherja landet.

Taliban har teke over distrikt etter distrikt i provinsane i landet og strategisk viktige grenseovergangar til nabolanda. Den afghanske regjeringa har til no hatt kontroll over dei store byane, men også desse kan stå for fall.

Natt til måndag angreip Taliban minst tre provinshovudstader – Lashkar Gah, Kandahar og Herat – etter ei veke med tunge kamphandlingar som har sendt tusenvis på flukt.

I fare for å falle

I Lashkar Gah, som er provinshovudstaden i Helmand, angreip Taliban eit fengsel og sentrum av byen i eit koordinert angrep. Angrepet skjedde berre timar etter at regjeringa hadde kunngjort at dei skulle ha tyngre nærvær i byen.

Nyheitsbyrået DPA får opplyst av lokale tenestepersonar og innbyggjarar i provinshovudstaden at regjeringsstyrkane no berre kontrollerer to politidistrikt i byen.

Innanfor Lashkar Gahs grenser gjekk det måndag føre seg skotutvekslingar og kamphandlingar. Regjeringsstyrkane prøver å tvinge opprørarane ut av byen ved hjelp av flyangrep og spesialstyrkar. Amerikanske bombefly bidrog òg, får DPA opplyst av innbyggjarar i byen.

Organisasjonen Emergency, som driv eit sjukehus for krigsoffer i byen, seier at 90 prosent av sengene no er fulle av såra.

Skuldar på USA

Afghanistans president Ashraf Ghani legg skulda på USA for at tryggingssituasjonen har forverra seg kraftig.

– Grunnen til den noverande situasjonen er at avgjerda vart teken for raskt, sa han i nasjonalforsamlinga måndag, med tilvising til tilbaketrekkinga av dei utanlandske styrkane.

Uttalen han kom samtidig som USA opna for å ta imot fleire afghanarar enn dei allereie har lova. USA har allereie byrja å ta imot tusenvis av tolkar som hjelpte amerikanske styrkar i krigen, og dessutan familiane deira.

Blir skulda for massakre

USA og Storbritannia skulda måndag Taliban for å ha massakrert mange sivile i landsbyen Spin Boldak på grensa til Pakistan.

– I Spin Boldak i Kandahar har Taliban i rein hemn massakrert dusinvis av sivile, heiter det i ei Twitter-melding frå den amerikanske og britiske ambassaden i Kabul.

– Desse drapa kan vere krigsbrotsverk. Dei må etterforskast, og Taliban-krigarane og leiarane som stod bak, må stillast til ansvar, heiter det vidare.

Taliban tok kontroll over Spin Boldak i midten av juli og har sidan kontrollert den strategisk viktige hovudvegen mellom Kandahar i Afghanistan og Quetta i Pakistan.


(©NPK)