Navlanyj ber folk stemme på kommunistpartiet

Den russiske regimekritikaren Aleksej Navalnyj oppmodar russiske veljarar til å stemme på kommunistpartiet i valet i Russland i helga.
utenriks

Det er venta at regjeringspartiet Sameint Russland enkelt vinn valet, som kjem etter at styresmaktene har slått hardt ned på opposisjonen. Dei viktigaste motstemmene er anten i fengsel eller i eksil.

I forkant av valet har samarbeidspartnarane til Navalnyj drive kampanjen «Stem smart», som viser tilhengjarane kven dei bør stemme på for å få ut politikarar som støttar regjeringa. Nesten 140 av dei 225 alternative kandidatane som folka til Navalnyj har peikt ut, stiller for kommunistpartiet.

Leonid Volkov, ein viktig eksilstøttespelar for Navalnyj, skriv på Telegram at ei stemme til ein «Stem smart»-kandidat i praksis er ei stemme for Navalnyj.

50 av kandidatane folka til Navalnyj framhevar, tilhøyrer Eit rettferdig Russland på venstresida, medan 20 av dei tilhøyrer dei ultranasjonalistiske Liberaldemokratane, leidd av Vladimir Zjirinovskij.

Sameint Russland dominerer nasjonalforsamlinga og blir rekna som sandpåstrøarar som bankar gjennom politikken til regjeringa til Vladimir Putin. Partiet ligg for tida under 30 prosent på målingane.

– Ein siger over Sameint Russland er eitt steg på veg mot fridom for Navalnyj, seier talspersonen hans, Kira Jarmysj.

Dei siste åra har «Stem smart» ført til at det stadig mindre populære regjeringspartiet har mista fleire sete i lokalval.

(©NPK)