Rørt Löfven vart takka med gåver på sin siste partileiardebatt

Billettar til Abba-konsert, pølser og bøker var blant gåvene Sveriges avtroppande statsminister Stefan Löfven fekk på sin siste partileiardebatt i Riksdagen.
utenriks

Löfven kunngjorde nyleg at han gir seg som statsminister. Han går formelt av på landsmøtet til Socialdemokraterna i starten av november, men onsdag var siste partileiardebatten i Riksdagen.

Dei andre partileiarane overrekte i det høvet ei rekkje ulike gåver til den avtroppande statsministeren. Sverigedemokraternas Jimmie Åkesson gav Lövfen godt krydra pølser. Åkesson beskreiv pølsene som «litt for sterke».

– Om dei er for sterke for Åkesson, så skal eg søren meg ete dei, sa ein takksam Löfven.

Av Miljøpartiet fekk han ein interrailbillett med tog, medan Ulf Kristersson i Moderaterna gav han Abba-billettar.

Den svenske finansministeren Magdalena Andersson, Löfvens partifelle, er av mange peikt ut som favoritt til å bli både partileiar og statsminister.

(©NPK)