Regjeringsendringar i emning i Storbritannia

Statsminister Boris Johnson vil onsdag kunngjere endringar i regjeringa, opplyser kontoret hans.
utenriks

– Statsministeren vil utnemne eit sterkt og sameint lag for å byggje landet opp att betre etter pandemien, heiter det i ei fråsegn frå kontoret til Johnson.

Blant dei som kan bli skifta ut er utanriksminister Dominic Raab, som har fått skarp kritikk for handteringa si av evakueringa frå Afghanistan etter maktovertakinga til Taliban. Også undervisningsminister Gavin Williamson blir nemnd.

(©NPK)