Stoltenberg om Taliban: – Det vi har sett så langt er ikkje lovande

Nato-sjef Jens Stoltenberg kallar Talibans maktovertaking for ein tragedie for det afghanske folket og seier det ikkje ser lovande ut.
utenriks

– Det er ein tragedie for det afghanske folket at Taliban er tilbake. Vi ser at mange av dei fridommane afghanarane mødesamt har bygd opp, no er trua, seier Stoltenberg.

Han er onsdag i Noreg for å delta i bisetjinga til tidlegare arbeidarpartipolitikaren og byrådsleiaren i Oslo, Rune Gerhardsen, og møtte pressa etter bisetjinga og svarte på spørsmål om mellom anna Afghanistan.

– Dei har prøvd å gi inntrykk av at det er eit nytt Taliban, men det vi har sett så langt er ikkje lovande. Derfor må vi halde fram med å leggje press på Taliban. Vi har sjølvsagt mindre pressmiddel enn det vi hadde med militært nærvær i Afghanistan, men vi har økonomiske, diplomatiske og politiske verkemiddel, seier Stoltenberg. Han understrekar at det er viktig å få evakuert fleire menneske ut av Afghanistan.

På spørsmål om kva det er som ikkje er lovande, svarer han mellom anna:

– Taliban har, trass i det dei har sagt, stramma til sakte, men sikkert. Dei har utnemnt ei regjering som ikkje reflekterer det mangfaldet dei sa dei skulle stå for. Og mange av dei som sat i Taliban si leiing på 90-talet då dei styrte sist, er tilbake no, seier han.

(©NPK)