Krisetiltak i helsevesenet i Idaho

Den amerikanske delstaten Idaho er hardt ramma av koronaviruset. Helsevesenet er under så hardt press at tilgangen til intensivbehandling må rasjonerast.
utenriks

Helsedepartementet i delstaten kom med kunngjeringa om krisetiltak og rasjonering etter at det største sjukehusnettverket i Idaho, St. Luke's Health System, slo alarm.

Dei bad om å få innføre krisetilstand fordi sjukehusa er overvelda av dei mange covid-19-tilfella. Det inneber mellom anna at intensivplassar skal tildelast dei pasientane som har størst sjanse for å overleve.

Andre pasientar vil dermed risikere å berre få mindre effektiv behandling og smertelindring. Det er likevel ikkje gitt at nødprioriteringar vil vere nødvendige overalt, og avgjerda er opp til kvart enkelt sjukehus.

Tidlegare har slik nødprioritering berre vore tillaten på sjukehus nord i Idaho, men kriseerklæringa gjeld no heile delstaten.

Få vaksinerte

Idaho er blant delstatane i USA der vaksinedekninga er dårlegast, berre rundt 40 prosent av befolkninga er fullvaksinerte.

Den republikanske guvernøren i delstaten Brad Little har ifølgje New York Times avvist å innføre krav om munnbind eller vaksinasjonar.

– Situasjonen er forferdeleg – vi har ikkje nok ressursar til å gi fullgod behandling til pasientane på sjukehusa våre, anten dei er innlagde for covid-19, hjarteinfarkt eller ei bilulykke, seier Dave Jeppesen, som leier helsestyresmakta i delstaten, i ei fråsegn.

Han oppmodar folk til å vaksine seg og bruke munnbind innandørs og i trengsel utandørs.

Smittehopp

Den landlege delstaten har hatt eit kraftig hopp i smitten den siste tida, og onsdag vart meir enn 1.300 nye koronatilfelle registrerte.

I takt med aukande smitte har sjukehusinnleggingane òg skote i vêret, og 13. september var 678 personar innlagde med covid-19. Delstaten har omkring 1,8 millionar innbyggjarar.

Talet på koronapasientar på intensivavdelingane til sjukehusa har likevel lege jamt på 70-talet dei siste to vekene. Tala blir tolka som at kapasiteten i delstaten for intensivinnleggingar er nådd, og at det ikkje er plass til fleire.

Til nabostaten

New York Times skriv at svært sjuke pasientar no blir frakta til nabodelstaten Washington for behandling. Men også her slit sjukehusa med intensivkapasiteten. Smitteverntiltaka er òg mykje strengare, og mange er kritiske til handteringa til nabostaten av pandemien.

– Det er latterleg. Viss helsevesenet ditt er i ferd med å bryte saman, er tanken om å ikkje omgåande innføre påbod om munnbind heilt bisarr. Dei treng å gjere alt som er menneskeleg mogleg, seier leiaren for Washington State Hospital Association, Cassie Sauer, til avisa.

Sjølv om guvernør Brad Little heilt har avvist tanken om å gjeninnføre smitteverntiltak, har han sagt at han ønskjer at folk «gjer det rette» og lèt seg vaksinere. I ei fråsegn lagt ut fredag, seier han at han vil prøve å gå rettens veg for å stanse nye tiltak frå president Joe Biden som tek sikte på å få fleire til å vaksinere seg.

– President Biden følgjer ikkje med, og hans tiltak berre aukar splittinga i landet vårt, heiter det i uttalen.

Korridorpasientar

I førre veke var sjukehuset Kootenai Health i byen Coeur d'Alene det første som offisielt måtte ty til nødprioriteringar etter dei nye reglane.

Stabssjefen til sjukehuset Robert Scoggins opplyste då at enkelte pasientar vart behandla på eit konferansesenter som var omgjort til feltsjukehus. Andre vart behandla i korridorar eller lobbyrom.

Planlagde inngrep og anna behandling er òg sett på vent i store delar av Idaho. Onsdag var omkring 92 prosent av koronapasientane på St. Lukes sjukehus ikkje vaksinerte. Av 78 registrerte intensivpasientar på sjukehuset for nettverket hadde 61 covid-19.

Helsestyresmaktene oppmoda førre veke innbyggjarane i delstaten om å passe på å ta medisinar som er anbefalte, bruke bilbelte og revurdere om dei bør delta i aktivitetar som kan føre til skadar, som sykling.

(©NPK)