Storbritannia varslar oppgjer med EUs personvernforordning

Storbritannias brexitminister David Frost har varsla Overhuset i det britiske parlamentet om eit oppgjer med EUs personvernforordning, også kjent som GDPR.
utenriks

– Vi vil skape ein ny vekstvenleg, påliteleg dataverneordning, som er meir profesjonell og mindre belastande på folk enn EUs GDPR-reglar, sa Frost til Overhuset under ei høyring torsdag.

EUs personvernforordning GDPR vart vedteken i 2016 og tredde i kraft i EUs medlemsland 25. mai 2018.

(©NPK)