Afghanistans økonomi vengeklipt éin månad etter at Kabul fall

Økonomisk krise pregar Afghanistan éin månad etter at Kabul fall. Korleis Vesten kan hjelpe landet utan å styrkje Taliban, er ei stadig større problemstilling.
utenriks

Lønningar som sviktar, stigande matprisar og lange køar i minibanken fører til stadig aukande bekymring i eit Afghanistan prega av store økonomiske problem.

Problema kjem på toppen av dei allereie krevjande utfordringane knytte til koronapandemien.

Det er litt over ein månad sidan islamistiske Taliban greip makta i landet og den tidlegare presidenten i landet, Ashraf Ghani, flykta frå landet.

Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet (IMF) og EU har stansa finansieringa av prosjekt i Afghanistan, medan USA har sperra valutareservane Afghanistan har i New York, noko som svarer til litt over til 60 milliardar kroner.

Årleg har landet fått rundt 73 milliardar kroner i økonomisk bistand frå utlandet – rundt halvparten av BNP – i landet. Denne bistanden betalte for løna til bistandsarbeidarar og mat og drivstoff til helsetenester og sjukehus. Støtta gjekk via det afghanske helsedepartementet.

Pengestraumen vart likevel stansa heilt over natta då Taliban greip makta.

– Alt vi gjer er å vente og be om at det kjem meir pengar. Vi står overfor ein katastrofe dersom dette held fram, seier Abdul Wali, som leier ein lokal helseorganisasjon.

Vil tvinge Taliban

Strategien til vesten er å kvele pengestraumen til Taliban for å tvinge dei nye leiarane i landet til å respektere rettane til kvinner og religiøse minoritetar.

Det er førebels uvisst kor lenge pengereservane frå den afghanske sentralbanken vil halde fram med å vere frosne. Men fleire amerikanske tenestepersonar understrekar at humanitære bistandsorganisasjonar kan komme utanom Taliban ved å levere bistand direkte til afghanarar i naud.

– Det er definitivt framleis mogleg å møte dei mest grunnleggjande behova til afghanarane utan å påskjønne regjeringa med ein brei økonomisk assistanse og diplomatisk anerkjenning, seier Lisa Curtis, tidlegare områdedirektør for Sør- og Sentral-Asia i FNs tryggingsråd.

Denne veka kom den afghanske sentralbanken med ei fråsegn, der det kom fram at Taliban har beslaglagt store verdiar frå heimane til fleire tidlegare regjeringsmedlemmer. Gullbarrar og kontantar til ein verdi av 12 millionar dollar skal vere leverte inn til sentralbanken i landet, som elles no blir styrt av Taliban.

Matmangel og bistand

I starten av denne veka vart det halde ein internasjonal givarkonferanse for Afghanistan. I etterkant var FNs generalsekretær António Guterres tilfreds med å kunne kunngjere at løfte om bistand for rundt 1 milliard dollar, tilsvarande cirka 8,5 milliardar kroner, var komme inn.

– Denne konferansen har innfridd alle forventningane mine til solidaritet med det afghanske folket, sa Guterres.

FN har berekna at Afghanistan kan trenge opp til 600 millionar dollar i år for å førebyggje underernæring og ein kollaps i dei offentlege tenestene. Matmangelen er forverra sidan Taliban overtok.

Guterres kunne ikkje omgåande seie kor mykje av pengane som går rett til FNs naudhjelpsbudsjett i månadene som kjem, eller kor mykje som skal komme seinare eller i ei anna form.

– FN har sagt mykje om matleveranse, men eg har ikkje høyrt nokon ting om planar om å reetablere eit system for offentlege tenester. Kva med å betale lønningane til lærarane og legane, spør Vicki Aken, Afghanistans leiar for Den internasjonale redningskomiteen (IRC).

Dei etterlengta kontantane

Prisane på matvarer som ris og mjøl har skote i vêret den siste tida. Bensinen er rekorddyr, medan ei langvarig tørke i landet truar den kommande innhaustinga i landbruket.

Taliban har sett ei maksgrense for kor mykje afghanarar kvar veke får lov til å ta ut av minibanken, ein sum som svarer til rundt 1.700 kroner.

Utanfor dei minibankane som framleis er opne, er det lange køar som strekkjer seg rundt fleire kvartal. Medan nokon må vente i timevis, må andre vente i fleire dagar for å få tak i sparepengane sine før det blir heilt tomt for kontantar. Væpna vakter passar på ved dei lange køane.

Ein butikkeigar som sel kjøkkenutstyr i sentrum av Kabul, sit på ein krakk utanfor den tomme butikken sin. Han ønskjer å vere anonym av omsyn til eigen tryggleik, men fortel nyheitsbyrået AFP at folk har slutta å gå ut for å handle. Med høge leigeprisar og nesten inga inntekt bekymrar fembarnsfaren seg for korleis han skal klare å brødfø familien sin.

– Vi får ikkje eingong tak i pengar for å ete oss mette. Folk aner ikkje kvar dei skal finne sitt neste måltid. Alle bekymrar seg for framtida, seier butikkeigaren.




(©NPK)