Minst fire drepne under demonstrasjon i Beirut

Fire personar er drepne og rundt 20 er skadde etter at det vart opna eld under ein demonstrasjon i Libanons hovudstad Beirut, melder lokale medium.
utenriks

Det blir meldt om gatekampar og skyting, og fleire ambulansar har rykt ut.

Den eine mannen som vart drepen, vart skoten i hovudet. Ifølgje libanesisk Røde Kors og Røde Halvmåne er 20 personar skadde.

Uroa braut ut då folk samla seg for å protestere mot dommaren Tarek Bitar, som leier etterforskinga av den massive eksplosjonen som ramma Beirut i august i fjor.

Demonstrasjonen er arrangert av dei to sjiamuslimske rørslene Hizbollah og Amal, som kritiserer Bitar for å ha kalla inn flest styresmaktspersonar frå Hizbollah til avhøyr, og færre sunnimuslimske og kristne tenestemenn.

Spent ved tidlegare frontlinje

Det er ikkje klart kva som utløyste skytinga, men stemninga er spent langs frontlinja som gjekk mellom sjiamuslimske og kristne område under den tidlegare borgarkrigen.

Ein journalist frå nyheitsbyrået AP såg at ein mann byrja å skyte med ein pistol. Eit anna augnevitne seier at han såg personar skyte mot demonstrantane frå ein balkong på ein bygning.

Det blir meldt at den høgreorienterte gruppa Kristne libanesiske styrkar mobiliserte tilhengjarar onsdag kveld sidan demonstrasjonen skulle haldast framfor justispalasset, som ligg i den kristne delen av byen.

Videoar i sosiale medium viser at medlemmer av gruppa marsjerer i gatene medan dei ber store kors.

Komplisert

Den massive eksplosjonen i ein lagerbygning med fleire hundre tonn ammoniakk, ramma Beirut 4. august 2020. Minst 215 menneske vart drepne, tusenvis skadde og bygningar vart påførte store materielle skadar.

Bitar er den andre dommaren som leier den kompliserte granskinga. Ingen styresmaktspersonar frå Hizbollah er så langt sikta i den 14 månader lange etterforskinga.

Samanstøytane på torsdag kan skape nye problem for den ferske regjeringa, som tiltredde for berre ein månad sidan, og som prøver å gjere noko med den enorme økonomiske krisa i landet.

Onsdag vart eit regjeringsmøte avlyst etter at Hizbollah kravde strakstiltak mot dommaren. Ein minister frå Hizbollah varsla at han og ein annan regjeringsmedlem vil forlate regjeringa dersom ikkje Taher Bitar blir fjerna.

(©NPK)