Ny smittetopp i Russland

Russland registrerte torsdag det høgaste talet koronatilfelle og covid-dødsfall så langt i pandemien.
utenriks

Talet for nye smittetilfelle som er registrerte det siste døgnet er 31.299, medan det er registrerte 986 dødsfall. Begge tala er dei høgaste så langt i pandemien.

Totalt har Russland no registrert 220.315 koronarelaterte dødsfall, mest i Europa.

Berre rundt 30 prosent av den vaksne befolkninga i Russland er fullvaksinert. Styresmaktene har vore skeptiske til å innføre nye rundar med strenge restriksjonar.

(©NPK)