Prins William ut mot romturisme: Fiks jorda i staden

Dagen etter at Star Trek-skodespelar William Shatner besøkte verdsrommet med Blue Origin, kritiserer prins William romturisme.
utenriks

– Vi treng dei beste hjernane i verda til å prøve å fikse denne planeten, ikkje prøve å finne neste stad å dra til og leve, seier prins William i eit intervju med BBC.

I juli i år drog Jeff Bezos, den rikaste mannen i verda, til verdsrommet med sitt romselskap Blue Origin. Under den korte romferda gjennomførte fartøyet fire minutt over Karman-linja, som blir rekna som grensa mellom atmosfæren og verdsrommet.

Virgin Galactic, som tilbyr liknande opplevingar, sende opp grunnleggjar Richard Branson berre dagar før Bezos.

Canadiske William Shatner, som er 90 år gammal og for alltid vil vere kjent som Kaptein Kirk i Star Trek-filmane, vart skoten opp frå basen til selskapet i Texas onsdag etter ei utsetjing på eit døgn på grunn av sterk vind.

(©NPK)