Transkvinne i Kuwait dømd for å «imitere det motsette kjønn»

Human Rights Watch krev at kuwaitiske styresmakter lauslèt ei transkvinne som er fengsla for å «imitere det motsette kjønn».
utenriks

40 år gamle Maha al-Mutairi har fleire gonger vorte arrestert på same grunnlag, seier forsvararen hennar Ibtissam al-Enezi til AFP. Ho er no dømd til to års fengselsstraff.

– Slike lover bryt med ytringsfridommen, privatlivet og ikkje-diskriminering i samsvar med Kuwaits grunnlov og folkeretten, heiter det i ei fråsegn frå Human Rights Watch.

Dei oppmodar styresmaktene til å lauslate al-Mutairi omgåande. I samsvar med kuwaitisk lovgiving er det ikkje lov til å «imitere det motsette kjønn».

(©NPK)