Antiterrorpoliti etterforskar politikardrapet i England

Antiterroreininga til politiet leier no etterforskinga av drapet på den britiske konservative politikaren David Amess.
utenriks

Det opplyser politisjefen i Essex, Ben-Julian Harrington, fredag kveld.

Motivet for drapet er ikkje kjent, og Harrington seier etterforskinga framleis er i ein tidleg fase.

– Det er opp til etterforskarane å finne ut om dette er ei terrorhandling eller ikkje, seier han.

David Amess (69) døydde etter å ha vorte knivstukken på eit veljarmøte i Essex tidlegare på fredagen. Ein 25 år gammal mann er arrestert og sikta for drapet, og politiet meiner han handla åleine.

(©NPK)