Erklærer einsidig våpenkvile i Den sentralafrikanske republikken

President i Den sentralafrikanske republikken, Faustin-Archange Touadera, kunngjorde fredag ​​ei einsidig våpenkvile i konflikten i landet med opprørsgruppene.
utenriks

– Eg har komme for å kunngjere slutten på militære operasjonar og alle væpna aksjonar over heile landet frå og med i dag ved midnatt, sa Touadera på nasjonal radio fredag.

Han la til at han òg ville prøve å få til dialog etter åtte år med krig.

Den sentralafrikanske republikken er eitt av dei fattigaste landa i verda og har vore herja av ein væpna konflikt som har gått føre seg sidan 2013, då den dåverande regjeringa vart styrta av væpna grupper.

(©NPK)