Kinas andre bemanna romferd i gang – vil slå rekord

Kinesiske astronautar har gjennomført ei vellykka oppskyting til den kinesiske romstasjonen Tiangong. Dette er Kinas andre bemanna romferd.
utenriks

Raketten vart skoten opp frå eit oppskytingsfelt i Gobiørkenen natt til laurdag lokal tid.

Målet til astronautane er å setje ny rekord for Kinas romfartsprogram CMS ved å vere seks månader i verdsrommet på romstasjonen, som Kina er i ferd med å byggje. Den skal vere ferdig i 2022. Førre rekord er på tre månader.

– Romstasjonen kan bli ei plattform for internasjonalt samarbeid, inkludert felles romfart, etter at ho står ferdig neste år, seier visedirektør for Kinas romfartsprogram, Lin Xiqiang.

Astronautar frå 15 land har vore om bord på den internasjonale romstasjonen (ISS), men ingen kinesiske astronautar. Årsaka var amerikansk opposisjon som argumenterte med omsyn til nasjonal tryggleik.


(©NPK)