Kina hevdar at oppskyting var romfartøy – ikkje missil

Kinesiske styresmakter avviser ei melding om at dei nyleg skaut opp eit såkalla hypersonisk missil. Regjeringa i Beijing seier det var snakk om eit romfartøy.
utenriks

Financial Times melde laurdag at Kina i august hadde skote opp eit missil som kunne utstyrast med eit kjernefysisk stridshovud. Missilet skal ha sirkla rundt jorda før det landa ikkje langt frå målområdet.

Kjelder sa til avisa at missilet vart bringa opp i bane av ein rakett av typen «Den lange marsjen» og at heile hendinga var halden hemmeleg.

Kina påpeika måndag at meldinga var ukorrekt og at det var snakk om ein test av eit romfartøy som skal ha gjenbruk og dermed redusere kostnadene ved oppskytingar.

Ein talsmann for utanriksdepartementet sa at meldinga om eit missil var feilaktig og at det var ei oppskyting som kan bidra til ein enklare og billigare måte for menneske å bruke rommet på til fredeleg formål.

Kina, USA og Russland – og minst fem andre land – forskar på bruk av hypersonisk teknologi. Hypersoniske missil kan få opp ein fart på fem gonger farten til lyden og kan utrustast med atomstridshovud.

Medan ballistiske rakettar har ein høg, bua trasé ut i verdsrommet, følgjer hypersoniske missil ei lågare bane i atmosfæren og kan nå mål mykje raskare.

Oppslaget i Financial Times om den påståtte kinesiske framgangen på dette feltet skal ifølgje avisa ha overraska amerikanske etterretningstenester.

(©NPK)