EU: Koronapass gyldig i ni månader etter vaksinasjon

Viss ein er fullvaksinert bør det kunne gi gyldig koronapass til reiser i ni månader etter siste stikk, foreslår EU-kommisjonen.
utenriks

Forslaget kjem etter tilråding frå Det europeiske smittevernbyrået (ECDC), skriv EU-kommisjonen i ei pressemelding.

EU-kommisjonens mål er å sikre at reglane for kor lenge vaksinasjon gjeld som koronapass er samstemt på tvers av medlemslanda.

Dei fleste EU-borgarar vart fullvaksinert i løpet av sommaren eller i haust. Dermed vil gyldigheita til koronapasset for mange vere gått ut når sommarferien byrjar i 2022.

(©NPK)