Franske fiskarar varslar blokade i Den engelske kanalen

Franske fiskarar vil fredag blokkere tre hamner og ferjetrafikken over Den engelske kanalen, og dei vil òg hindre godstrafikk gjennom tunnelen under kanalen.
utenriks

Fiskarane hevdar at Storbritannia ikkje etterlever brexitavtalen og at dei er fråtekne fiskerirettar dei tidlegare hadde.

Leiaren for den franske nasjonalkomiteen for fiskeri (CNPMEM), Gerard Romiti, kallar aksjonen på fredag «eit varselskot».

– Vi ber ikkje om almisser, vi krev berre å få tilbake lisensane våre. Storbritannia må etterleve brexitavtalen, seier han.

Blokaden vil ramme ferjehamnene i Saint-Malo, Ouistreham og Calais, og godstrafikken gjennom tunnelen som går under kanalen vil òg bli hindra i fleire timar, varslar fiskarane.

(©NPK)