30 nashorn flogne frå Sør-Afrika til Rwanda

Tretti utryddingstrua stumpnashorn har etter ei lang flyreise frå Sør-Afrika komme trygt fram til den nye heimen sin i Rwanda.
utenriks

Dei 30 nashorna vart frakta på eit Boeing 747-fly i det som har vorte kalla den mest omfattande flytteoperasjonen av denne dyrearten nokosinne.

Dei majestetiske stumpnashorna kan vege opp mot to tonn. Den lange reisa frå eit reservat i Sør-Afrika til ein nasjonalpark i Rwanda varte rundt 40 timar og strekte seg over 3.400 kilometer. Nashorna vart flytta for å styrkje bestanden av dei utryddingstrua dyra.

Stumpnashorna har gjennom mange år vore utsette for omfattande jakt, først av europeiske nybyggjarar og i dei seinare åra av krypskyttarar.

(©NPK)