Seksten nyheitsbyrå skal drive felles, EU-finansiert nyheitsredaksjon

Frå midten av 2022 skal 16 europeiske nyheitsbyrå samarbeide om ein felles Brussel-basert nyheitsredaksjon med finansiering frå EU.
utenriks

Initiativet blir leidd av det tyske nyheitsbyrået DPA og inkluderer mellom anna det franske AFP, EFE og Europa Press-byråa i Spania i tillegg til hovudbyråa frå fleire andre EU-land, som Austerrike og Belgia.

Nyheitsbyrå frå enkelte land som ikkje er medlem av EU, skal også delta, mellom anna byrå i Albania, Bosnia og Nord-Makedonia.

Nyheitsbyrået, som skal få namnet European Newsroom, skal ha sete i Brussel og får finansiering frå EU-kommisjonen til ein verdi av 1,76 millionar euro for 2022 og 2023 – om lag 18 millionar norske kroner.

– Ved å ta dette steget aukar vi tilgangen til kvalitetsinformasjon for innbyggjarane i Europa, seier EU-kommissæren for den indre marknaden, Thierry Breton.

(©NPK)