Øystaten Barbados er blitt republikk

Barbados erklærte seg formelt som den nyaste republikken i verda ved midnatt, og fjerna dronning Elizabeth II som statsoverhovud i ein høgtideleg seremoni.
utenriks

Under seremonien vart flagget til det britiske kongehuset fira, og generalguvernør Dame Sandra Mason vart teken i eid som den første presidenten i den karibiske øynasjonen.

Mason vart vald som president av parlamentet på Barbados i oktober, og prins Charles var gjest på seremonien i Bridgetown.

Øystaten, som er kjend som eit turistparadis med vakre strender, har vore sjølvstendig sidan 1966. Heile tida har Storbritannias dronning Elizabeth vore statssjef, men for eit år sidan kunngjorde statsminister Mia Mottley at øya skulle leggje koloniarven sin bak seg.

(©NPK)