Island strammar inn på koronatiltaka

På grunn av ein forverra koronasituasjon innfører Island nye avgrensingar på kor mange personar som kan samlast.
utenriks

Helsesystemet er så overbelasta at styresmaktene ikkje har noko anna val enn å skjerpe føresegnene, seier statsminister Katrin Jakobsdottir.

Føresegna om at eit uavgrensa tal menneske kan samlast så lenge alle har teke ein negativ test, blir oppheva. Dessutan blir pubar stengde, medan restaurantar kan halde ope til klokka 22.

Island har den siste tida registrert rekordmange koronasmitta. Nesten 10.000 menneske er isolerte med smitte, medan 11.000 andre er i karantene.

(©NPK)