Sørkoreansk politikar lovar å dekkje behandling for hårtap

Personar som lid av hårtap i Sør-Korea skal få dekt behandling av staten for å få ein slutt på diskriminering, lovar presidentkandidaten til regjeringspartiet.
utenriks

Dersom kandidaten til det demokratiske partiet Lee Jae-myung vinn presidentvalet i mars, lovar han å utvide helseforsikringa til regjeringa til å dekkje behandling av hårtap, potensielt inkludert dyre hårtransplantasjonar.

I eit Facebook-innlegg fredag, som fekk hundrevis av likarklikk på få minutt, skriv han at personar som lid av hårtap dagleg møte diskriminering på tvers av alder og kjønn.

Den politiske hårkuren har fått både støtte frå veljarar som meiner han er reinhårig og hårsår kritikk frå andre, og har dermed skapt ein omfattande offentleg debatt sidan han først vart fremja førre veke.

(©NPK)