Stort dataangrep mot nettsidene til den ukrainske regjeringa

Ukrainske styresmakter opplyser at det natt til fredag skjedde eit stort dataangrep mot nettsidene til regjeringa.
utenriks

Angrepet skjer same veke som det har vorte gjennomført fleire internasjonale samtalar om den spende situasjonen mellom Ukraina og Russland.

Det er uklart kven som står bak angrepet, og ingen har så langt teke på seg ansvaret.

Det ukrainske kunnskapsdepartementet skriv på Facebook at nettsida deira var nede på grunn av eit «globalt dataangrep» som har funne stad natt til fredag. I tillegg var nettsidene til beredskapsdepartementet og regjeringa nede.

– Vêr redd

Nettsida til utanriksdepartementet var òg nede og viste ei stund ei melding på ukrainsk, russisk og polsk.

– Ukrainarar! Alle personlege data har vorte sletta og er umogleg å rette opp igjen. All informasjon om deg har vorte offentleggjort, vêr redd og forvent det verste, skal meldinga ha sagt.

Det skal òg ha vorte vist til fleire nasjonalistiske organisasjonar og regionar i Ukraina i meldinga.

Ifølgje utdanningsdepartementet jobbar styresmaktene, inkludert tryggingstenesta og cyberpolitiet i landet, med å løyse problemet. Det har òg vorte sett i gang ei etterforsking.

Samtalar utan resultat

Russiske hackarar med tilknyting til Moskva har tidlegare vorte skulda for dataangrep mot ukrainske styresmakters nettsider og infrastruktur.

Denne veka heldt USA og dei Nato-allierte samtalane deira med Russland i eit forsøk på å lette på spenninga, men dei tre forhandlingsrundane har ikkje ført til resultat.

Torsdag sa viseutanriksminister i Russland, Sergej Riabkov, at Moskva ikkje såg nokon grunn til å halde ytterlegare samtalar med Vesten.

Russland har samla rundt 100.000 soldatar langs grensa til Ukraina, som har ført til frykt i Nato og EU for at dei planlegg å invadere landet. Russland seier dei ikkje har nokon slike planar.

(©NPK)