Tiggar frå Stranda i videoreportasje

I videoserien Metro Monologues handlar ein av episodane om tigging, og der er utgangspunktet ein utflytta strandar.

Metro Monologues: "Begging" from Fredrik Kalstveit on Vimeo.

Kreditering: Fredrik Kalstveit

Trond Worren var idag, fredag, i sving med å selje diktheftet sitt, der Alexsander Rybak prydar framsida.  Foto: Privat

Nyhende

– Dei fleste ser ned på tiggarane, eg meiner folk må sjå opp til tiggarane, for tigging er eit varsel om audmjukheit, og det er veldig viktig i samfunnet, seier Trond Worren i intervjuet på t-bana i Oslo.

Fredrik Kalstveit er hovudansvarleg for både regi, filming og redigering av serien som ligg ute på videodelingstenesta Vimeo. Og det er med løyve frå Kalstveit at vi deler episoden "Begging" (tigging). Serien er teksta på engelsk.

Sunnmøringen skreiv i desember 2015 at Trond Worren, som er fødd og har gått på skule på Stranda, har gitt ut ulike små dikthefte. Diktheftet som han har gitt namnet Alexander Rybak, var då å finne i heimbygda, blant anna på bokhandelen.

Worren har sendt inn nokre frilansartiklar blant anna til vekeavisa "Norge I Dag", og driv elles med tigging og opplesing av dikt. Nokre av dikta har ein kristen bodskap.

Til Sunnmøringen fortel Trond Worren at av dei små summane han får gjennom tigging, går noko til å hjelpe andre menneske som har det vanskeleg.