Strandafjellet

Svært glatt på vegen

Ingen skal fysisk blitt skadd etter to uhell på Strandafjellet i morgontimane i dag.

Glatt Ingen skal ha komme fysisk til skade då denne bilen velta på Strandafjellet ved 06:30-tida i dag tidleg.  Foto: Johan Behrentz

Hevsdalen, på Stranda-sida.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

På flata vest for skitrekket låg ein bil på sida, og i Hevsdalen ned mot Stranda låg ein personbil godt planta i veggrøfta.

Politiet på Sunnmøre har ikkje fått melding om dei to uhella, og ein må difor rekne med at det ikkje ha vore personskade.


Kranbil på veg

Kranbil var varsla for det første uhellet. Ein kamerat til føraren fortalde til Sunnmøringen at uhellet skjedde ved 06.30-tida, og at han hadde fått ansvar for å tilkalle kranbil. Føraren skal ikkje ha komme til skade, men måtte reise vidare for å rekkje eit fly.

Sludda på fjellet

Det er svært glatt i spora etter at det har sludda ein del i morgontimane på fjellovergangar. Operasjonsleiar Kenneth Sætre ved Politiet på Sunnmøre fortel i morgontimane i ndag at ein ikkje har fått inn meldingar på vegane om hendigar på grunn av været. Politiet melder på Twitter kl. 09.30 at ein personbil hadde køyrd utfor vegen på E39 over Ørskogfjellet. Tre personar er blitt køyrd til legevakta for sjekk etter denne hendinga. Det skal ikkje vere trafikkale problem.