Fann nynazist-propaganda i Stranda sentrum

Sophie Vågsæter reagerer sterkt på funn av "Refugees not welcome"-lappar klistra opp i Stranda sentrum.

Restene av lappar med "Refugees not welcome" påteikna fann vi onsdag morgon to stykker av, på kinotavla utanfor kulturhuset. 

Nyhende

Sunnmøringen tok sjølv turen rundt i sentrum onsdag morgon, og fann restane av desse lappane mellom anna på kinotavla utanfor Storfjord kulturhus.

Hendinga blir omtala på bloggen til Vågsæter.

"-  Jeg bor ikke lenger på Stranda, men jeg er fra Stranda. Jeg er stolt Strander, men DETTE er jeg ikke stolt av," skriv Vågsæter.

"- Etter å ha vært en kort tur ned i Stranda sentrum såg jeg fult av lapper som hang overalt. På lyktestolper,på vegger og skilt. Jeg gikk nærmere for å se hva som sto på lappene,  Det som sto der sjokkerte meg. " Refuuges are not welcome" altså. " Flykninger er ikke velkommen"

Jeg og en kompis av meg, NN, tok ned og skrapte bort alt av lapper vi såg. For sånne ting vil jeg ikke se, noen som helst plass.

Jeg håper att de som har gjort dette kan sette seg inn i situasjonen til flyktninger og vise mer hensyn og omtanke. De har ikke kommet her fordi de vil, de har kommet hit fordi de må! De har flyktet fra krig og fra døden, ikke for penger og ett liv i luksus her i Norge.", skriv Vågsæter.

- Trist

Vågsæter fortel til Sunnmøringen at det var mange slike klistremerke i området frå kulturhuset ned til Øyna/kommunehuset.

- Eg takler ikkje synet av slikt. Det er trist at sånne haldningar skal eksistere i 2017. Om nokon finn slike lappar er oppmodinga mi å rive dei ned med ein gong, seier ho.

- Bodskapet representerer ikkje synet til fleirtalet av strandarane, seier ho.

Sterke reaksjonar

Blogginnlegget vart delt i ei lukka Facebook-gruppe for strandarar i går kveld.

Reaksjonane på lappane, er i denne gruppa sterke.

Etter kva Sunnmmøringen har funne ut, kjem lappane frå ein aksjon i regi av Den nordiske motstandsbevegelsen. Dette er ei nynazistisk gruppe.

På ei lukka Facebook-gruppe, blir det omtala ein aksjon på Sunnmøre med opphenging av plakatar og klistremerkar. Denne posten er frå 3. april i år.

Sunnmøringen har for augneblinket ikkje informasjon som tyder på at det er lokale folk som har hengt opp lappane. Vi tek imot tips i saka på telefon 95 14 52 84.