– Det blir skinkesmaking og uformell dialog om korleis Stranda kan gjerast enda meir berømt, seier Oskar Gjærde i Grilstad til Sunnmøringen.
Laurdag
Laurdag 1. september opnar ein dørene for publikum til det gamle rådhuset som dei par siste åra har vore eit utstillingsvindauge for næringsmiddelindustrien i Stranda. Bak arrangementet ligg eit ønske om å setje Stranda på kartet som Norges skinkehovudstad.
Grilstad marknadsfører sunnare Stranda-skinke
Millionsatsing på spekeskinkehovudstaden
Grilstad vil bruke fleire millionar kroner på å løfte fram merkevara Stranda. Det er ein del av marknadsføringa av den nye og sunnare spekeskinka «Fjellbris».
– Målet er å gjere Stranda og det vi produserer enda meir kjent utanom kommunen, seier Gjærde.
Ordførarduell
For nokre år sidan gjekk det ein diskusjon om temaet skinkehovudstad med ein ordførarduell mellom Tynset og Stranda. I ei pressemelding frå eit PR-byrå går det fram at Strandaskinke står høgt i kurs, i alle fall mellom innbyggjarane i Stranda. Ifølgje ei undersøking som er gjennomført av analysebyrået YouGov og bestilt av varemerket Stranda og Grilstad, går det fram at åtte av ti innbyggjarar i kommunen er stolt over Strandaskinke, og at 97 prosent meiner kommunen fortener å vere Norges suverene skinkehovudstad.
Grilstad tek over Brunstadbygget
No kan det bli spekemat i fabrikken der Brunstad for nokre år sidan produserte møblar.
Oskar Gjærde hadde ikkje drøymt om at Strandaskinke står så sterkt mellom folk i kommunen.
– Vi håper vi kan tilby folket i Stranda meir skinke og meir moro i åra som kjem. Den entusiasmen som undersøkinga vår syner, skal ikkje gå upåakta, meiner Gjærde. Han håper på fleire innspel komande laurdag, og at det kan bli startskotet for ein framtidig folkefest i skinkehovudstaden.
Strandaskinke
Spekemat på millionar av fat
Tind Spekevarer har blitt ein del av Grilstad på Stranda. Og salet av skinke når nye høgder.
– Vi har allereie fleire idear om korleis vi kan utvikle dette, og det mangla heller ikkje på innspel frå dei som var med på undersøkinga, seier Gjærde, som ikkje vil røpe kva for idear kan vi utvikle vidare.