Sunnmøre Friluftsråd let seg ikkje avskrekke korkje av mørke kveldar eller minusgrader. Tvert om: Dei inviterar små og store til kveldsturar på heile Sunnmøre i november.
I ettermiddag er det Stranda sin tur - og då går turen til Barlia, kjent som "trimløypa" i Stranda tettstad.
- Vi går i lag frå parkeringa, og vel frame ventar kakao og eit kulturelt innslag kring bålet, skriv Friluftsrådet i ei pressemelding.
Turen er ope for alle, så alt ein treng er å møte opp.
- Gjer vel å ta med deg varme klede, sitteunderlag, ein kopp og ikkje minst: Ei hovudlykt, rår dei.
Sidan det blir båltenning, gjer det heller ingenting om ein tek med seg enkel grillmat som til dømes pølser, pinnebrød eller marshmellows.
Turen er både barne- og familievennleg, men ikkje tilrettelagd for barnevogn og rullestol. Parkering blir på Mona stadion.