Meteorologisk Institutt har torsdag sendt ut oransje varsel for Møre og Romsdal, Trøndelag, Helgeland, Saltfjellet, Ofoten og Lofoten.
Varselet gjeld vind - og det er fare for svært sterke vindkast i heile området.
Styrken på vinden kan nå opp mot 35 meter i sekundet, noko som er orkan styrke.
- Fest alle lause gjenstander, og unngå ferdsel på utsette stader. Rekn med at du må bruke ekstra tid til køyring og transport, er rådet frå Meteorologisk Institutt.
Faren auker utover fredag ettermiddag, og vidare mot laurdag natt.
Det er eit stormsenter på veg inn mot kysten mellom Trondheim og Lofoten, og vinden er venta å auke til sørvest full storm på kysten. Natt til laurdag dreier vinden mot nordvest.