Ferske tal frå Trygg Trafikk viser at det er ein nedgang i bruken av refleks blant den norske befolkninga. Frå 2018 til 2019 er nedgangen på tre prosent, frå 44 prosent i 2018 til 41 prosent i 2019.
Nedgangen er størst utanfor tettbygde strøk. Ulukkene som involverer fotgjengarar skjer oftast i sentrumsnære område, skriv Trygg Trafikk i ei pressemelding.
– Berre fire av ti brukar refleks trass i at vi veit kor viktig den er, seier Ann-Helen Hansen, kommunikasjonsrådgjevar i pressemelding frå Trygg Trafikk.
Mørkt og mildt
Ein mild vinter utan snø gjer det ekstra mørkt ute, og ekstra utfordrande for bilførarar å sjå fotgjengarar utan refleks. Kombinasjonen med nedbør, våte og mørke vegbaner samt lys frå butikkar og gatelys gjer det krevjande å sjå fotgjengarar.
– Det er viktig å bruke refleks. Ikkje bruk mørke klede og kontroller at refleksen fungerer. Refleksen kan bli matt og dårleg med åra, seier Steven Blindheim som er trafikkoordinator i Politiet i Møre og Romsdal.
Ei oppmoding til alle
Oppmodinga frå Trygg Trafikk er at fotgjengarar må bli flinkare til å bruke refleks, og forsikre seg om at bilføraren ser dei. Dei oppmodar og bilførarar til å senke farten, og køyre etter forholda.
– Fotgjengarar er dei mest sårbare i trafikken. Samtidig som vi skal forvente at sjåføren er påpasseleg og tek omsyn når dei køyrer i område der det er mjuke trafikantar, må vi og kunne forvente at fotgjengarane tek sitt ansvar ved å gjere seg mest mogleg synlege. Det gjer ein best med refleks, seier Hansen.
Best i Noreg
Nordland, Finnmark og Troms er dei fylka som i størst grad refleks. I Finnmark brukar 62 prosent refleks, og i Nordland 57 prosent.
Oslo er dårlegast. Berre ein fjerdedel av dei som bur i Oslo brukar refleks, syner undersøkinga frå Trygg Trafikk.
– Politiet delar kvart år ut refleksvestar til førsteklassingar. Vi oppmodar foreldre og skulen å passe på at vestane blir brukt. Med refleks har sjåføren ti sekund reaksjonstid, medan ein utan refleks har berre to sekund. Husk og parklys når ein står i ro i trafikken, seier Blindheim.