Stranda skulekorps byr inn til storstilt korpskonsert søndag, med gjestar frå hi side av fjorden.
– Vi får med oss musikantar frå Valldal, Eidsdal og Stordal, seier dirigent Evgenii Zhukov til Sunnmøringen.
Repetoaret bør vere ideelt for nostalgikarar (undertekna inkludert): Her er både AHA, Kiss og tema frå Star Wars blant mykje anna.
– Om den einaste røynsla ein har med korpset er 17. mai, så må ein hugse på at musikantane då ikkje syner seg frå si beste side. Å gå og spele instrument samtidig er ikkje det enklaste for ein liten musikant, seier Gunnhild Overvoll i styret for Stranda skulekorps.
– Vi håper å inspirere fleire til å prøve ei korpskarriere, og lover eit heilt anna inntrykk av våre musikantar om ein kjem til konserten på søndag i kulturhuset, seier Overvoll vidare.
Skulekorpset takkar næringslivet på Stranda for all støtte, og ein spesiell takk går til Rebekkalogen på Stranda.
– Dei har gitt støtte til dei nye hettegensarane våre, seier Overvoll.