Tiltalt for fart, køyring utan førarkort og narkotikabruk

Illustrasjonsfoto  Foto: Politiet

Nyhende

Ein person busett i Nordfjord er sett under tiltale ved Sunnmøre tingrett for brot på vegtrafikkloven og legemiddelloven.

Vedkommande vart tatt i fartskontroll i Ljøtunellen på FV60 ein laurdag ettermiddag på haustparten i fjor, og vart då målt til 114 kilometer i timen i 80-sonen.

Vedkommande hadde ikkje førarkort for personbil.

Ifølge tiltalen brukte den tiltalte hasj og amfetamin kort tid før køyreturen på FV60, det vart òg funne mindre mengder narkotika på den tiltalte i samband med fartskontrollen.

I tiltalen blir det tatt forbehald om at det kan kome påstand om inndraging eller sperrefrist på førarkort.