Nye smittetilfelle knytt til Stranda kommune

Nyhende

To personar med tilknyting til Stranda kommune har testa positivt for covid-19. I følgje VG skal dei ha testa positivt 28. oktober og 1. november.

Folkehelsesinstituttet har ansvaret for å overvåke utviklinga for smittsame sjukdommar i Noreg, og informasjonen om dette (med unntak av mellom anna hiv/aids og tuberkulose) er offentleg tilgjengeleg på kommunenivå.

Ifølge rådmann Åse Elin Hole skal dette ved eitt høve vere ein person som er folkeregistrert i Stranda kommune, men busett en annan stad. Legesenteret på Stranda har ingen registrerte smitta som er testa på Stranda per måndag ettermiddag.