- Du skal ikkje betale gebyr for vaksina

VAKSINE: Influensavaksina vil fram til 1. desember berre bli tilbode personar i risikogruppene. illustrasjonsfoto  Foto: Poprotskiy Alexey/Colourbox.com

Nyhende

Sunnmøringen har denne veka blitt kontakta av fleire som reagerer på at dei har blitt pålagt eit gebyr for influensavaksina, trass i at kommunen uttrykkeleg både i annonse i Sunnmøringen og på heimesida har skrive at faktura blir sendt ut utan gebyr.

Ein person Sunnmøringen har snakka med, fekk faktura på 50 kroner for influensavaksina og eit gebyr på 69 kroner i tillegg. Til saman 119 kroner.

– Det har vore ein svikt i kommunikasjonen mellom leverandøren av faktureringstenesta på legekontoret og legekontoret, noko legekontoret har prøvd å rydde opp i, fortel rådmann Åse Elin Hole.

– Du skal ikkje betale gebyr på influensavaksina, ho kostar 50 kroner. Legekontoret har kontakta fleire om saka, men om det er fleire denne saka gjeld så oppmodar eg om at de sjølv tek kontakt med legekontoret. Så blir saka ordna. Det blir sjølvsagt ikkje pålagt noko purregebyr eller noko slikt, seier rådmannen til Sunnmøringen.