Melding frå ordføraren:

Studentar må ikkje i karantene - enno

Ordførar Jan Ove Tryggestad seier at Stranda kommune ikkje vil oppfordre studentar frå raude sonar om å gå i 10-dagars karantene når på noverande tidspunkt, men at saka vert diskutert fortløpande.

For tidleg: Ordførar Jan Ove Trygestad meiner det er for tidleg å svare på om studentar frå raude soner må i karantene når dei kjem heim. til Stranda.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Tysdag skriv NRK at seks kommunar i Møre og Romsdal fryktar smitte og ber studentar frå raude område om å gå i 10-dagars frivillig karantene når dei kjem heim.

Så langt har Kristiansund, Molde, Hustadvika, Rauma, Aukra og Averøy slutta seg til tilrådinga frå Folkehelseinsituttet (FHI).

Tryggestad seier at Stranda kommune er i dialog om saka.

– Det er for tidleg å seie ja eller nei, men vi følger nøye med framover, seier han.

– Innbyggarane og næringslivet på Stranda har gjort ein god jobb for å halde smitten nede. Vi vil derfor halde oss til dei anbefalte råda frå Folkehelseinstituttet og regjeringa, og vurdere saka deretter, seier han.