Rydda vegen på Drege

Nokre av trea kom ut i vegbana.  Foto: Thor Gunnar Slettevoll

Frå Thor Gunnar Slettevoll har vi fått melding og bilder om tre som dekte vegbana på Drege.

Ein sjåfør med last frå Norsk Sjømat var på veg frå Sve til Oslo. Ved Drege var fleire tre ramla overende og stengde vegbana meldte sjåføren tilbake til Slettevoll. Slettevoll som er linjeleder for utsending ved Norsk Sjømat kasta seg i bilen for å køyre heim og hente motorsag.

Vegbana vart rydda. Fleire tre hadde ramla overende og hamna i vegbana.  Foto: Thor Gunnar Slettevoll

I Dregebakkane sagde han det som var av tre i vegbana og fekk hjelp av brøytetraktorsjåfør Jørn Banken til å fjerne dei ifrå vegbana.

Det danna seg korte køer på begge sidene av nedfallet, men vegen er no open.

Vinteridrettar

Arrangørklubbane Hardbagg IL og Markane IL har lagt til rette for 100 deltakarar på kvart av dei to renna som blir arrangert laurdag og søndag.

Skiskyttargruppa til Sunnylven IL reiser med 13 utøvarar til konkurransane i Markane i Stryn. Innskyting startar klokka 11.00 og sjølve konkurransen startar klokka 13.00.

Langrenn

På Osmarka var det planlagt kretsmeisterskap i langrenn, men Møre og Romsdal skikrets melder på sine sider om at rennet er avlyst på grunn av sterk kulde. Dette rennet er del av SBM cup og skulle vere renn nummer 5. Det var tre påmelde frå Stranda IL

I morgon søndag er det klart for renn nummer 6, sprint klassisk der Molde og Omegn IF er arrangør. Stranda IL har foreløpig meldt på ein utøvar.

Nyss kjem tilbake med oppdaterte resultat

Testar tyfonane

Onsdag klokka 12 blir tyfonanlegga landet over testa.  Foto: Johan Behrentz

Sivilforsvaret testar årleg sine tyfonanlegg i januar og i juni. Onsdag 13. januar klokka 12.00 går signalet "Viktig melding – søk informasjon" ut på over tusen varslingsanlegg over heile landet. I tre seriar med eitt minutts opphald blir signalet sendt ut.

Signalet betyr at ein skal søke informasjon mellom anna i radio, på tv i aviser, myndigheitenes nettsider og sosiale medium.

– I fredstid kan varslingsanlegga blant anna brukast ved industriulykker med utslepp av giftige eller farlege stoff. Mens i krig kan anlegga brukast ved fare for flyangrep, seier Sigurd Heier, som er fungerande sjef for Sivilforsvaret.

Førarkort beslaglagt

Politiet Møre og Romsdal melder natt til søndag klokka 01:16 om hending i Liabygda. Ein mann i 50-åra vart anmeldt for å ha køyrt i alkoholpåvirka tilstand. Førarkortet er beslaglagt.