– Det kjem strandarar som aldri har vore her før

Bente Opshaug, dagleg leiar av Peco Klær, seier at dei har hatt eit bra år: – Eg har merka at vi har fått ein del nye kundar. Dei har gjerne tatt ein runde i butikken og blitt overraska over varer vi har hatt i 19 år, seier ho.

Tenk på lokalmiljøet: – Eg vil slå eit slag for å handle lokalt. Vi er få butikkar på Stranda og treng den støtta vi kan få, seier Bente Opshaug, dagleg leiar av Peco Klær.  

Nyhende

I ei julehandelsprognose frå Virke Handel anslår dei at det kjem til å bli handla for 3,1 milliardar i Møre og Romsdal i desember. Det er ei auke på 8 prosent frå i fjor.