Adventstida nærmar seg

Julesongar og julegrantenning

Søndag er det fyrste søndag i advent og tradisjonen tru blir julegrana tent i dei ulike bygdelaga

Kor og skulekorps underheld når julegrana på STranda blir tent. Arkivfoto. 

Nyhende

I sentrum av Geiranger blir julegrana lyssett komande søndag. Adventstida får sin tradisjonsrike start også i dei andre bygdelaga i Stranda kommune. Eidsdal musikkorps spelar kjende julesongar når lysa på treet i Geiranger blir tente. Her blir det sal av lodd og det blir servering av varm gløgg.

Stranda sentrum

På Stranda er folk inviterte til offisiell tenning av belysninga langs Elvastien. Publikum vert oppfordra til å kle seg godt til turen langs elva. Frå Ringstad skule går turen nedover langs elva og endar ved brua ved Stranda hotell. Her går den offisielle tenninga føre seg med tonar frå Stranda skulekorps. Frå hotellhagen går turen vidare til Torgalmenningen der barnekora Scherzo og Stranda Soul Children, og Stranda skulekorps står for musikken når julegrana blir tent i Stranda sentrum.

Hellesylt sentrum

Lysa på julegrana i Hellesylt sentrum blir tent søndag når Sunnylven skulekorps spelar kjende og kjære juletonar. I staden for tradisjonell gang rundt juletreet vert publikum oppmoda til allsong rundt grana. Den tradisjonelle juletombolaen til korpset går ut i år grunna korona. I staden for blir det sal av lodd i loddbøker.

Julegata og julegrana på Svarthammaren blir også tent på samme tid.

I Liabygda er meldingane foreløpig at det ikkje blir noko julegrantenning.

I etterkant av tenning av julegrana blir det lysmesse i kyrkjene både på Hellesylt og på Stranda.