Stranda og Sykkylven:

Historisk auke for Vinmonopolet

– Vårt historiske sal kjem ikkje av at nordmenn drikker meir, seier Hege-Lill Hagen Asp, pressekontakt i Vinmonopolet. 

Salsauke: Vinmonopolet i Sykkylven selde omlag dobbelt så mykje i juli 2020, enn tilsvarande periode året før.   Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Ifølgje tal frå Vinmonopolet, selde Vinmonopolet på Stranda 12.354 liter meir alkohol frå januar til november i 2020, enn tilsvarande periode i 2019. Det er ein auke på 21 prosent.