Dirigent for Sunnylven skulekorps, Trond Otto Berg ønska velkomen til julekonsert til foreldra i kyrkja og til publikum på nett.
Skulekorpset som for anledninga var forsterka med tidlegare medlemmar spelte tre nummer, mellom andre «Sleigh Ride» skriven av Leroy Anderson i 1949.
Solistar
Elevar frå kulturskulen song og spelte fleire nummer. Trygve Hoff sin «Nordnorsk julesalme» vart framført med Tonje Støverstein på vokal.
Elevar frå kulturskulen song og framførde fleire kjende julesongar. Foto: Eivind Louis Helset
Frå NRK sin juleserie «Snøfall» fekk vi servert Anna Storstein Forbord sin versjon av «Selmas song».
Anna Storstein Forbord framføyrde "Selmas sang" Foto: Eivind Louis Helset
Frå galleriet vart det servert fleire nummer med kombinasjonar av kyrkjeorgel og trompet eller fele. Gunnar Inge Eide spela saman med Trond Otto Berg på trompet og Synnøve Hjellbakk Hole på fele.
Damekor
Ingeborg Fivelstad Stadheim var solist på «Det lyser i stille grender», med prosjektkoret til Hellesylt Ungdomslag i ryggen. Dei åtte damene fekk også hjelp av Eide på mannsstemme.
Leiar i soknerådet, Stig Tryggestad takka leiarar og dirigentar og overrekte blomar som takk for konserten. Håpet for neste år var at kyrkja også kunne fyllast opp av publikum.
Avslutningsvis kom fellesnummeret «Deilig er jorden» der både koret, korpset og Eide på kyrkjeorgelet stod for kvar sin del.