Vaksinasjon mot Covid-19 har starta i Stranda og Sykkylven

I første omgang får Stranda tildelt 20 vaksinar og Sykkylven får tildelt 30.

Vaksinert: Åslaug Bjørnsund Hollingsæter (90) får den første koronavaksinen i Ålesund kommune. No startar også vaksineringa i Stranda og Sykkylven.  Foto: Staale Wattø / Sunnmørsposten

Nyhende

Folkehelseinstituttet har starta utkøyringa av Pfizer-vaksinen til landets kommunar. Kommunane har tidlegare fått melding om kor mange dosar dei vil kunne ta imot denne veka, og no er også dato for distribusjon av vaksinen klar for Austlandet, Sørlandet, Vestlandet og Trøndelag.