Årskavalkade 2020 – Det store «annleisåret» som vart svært prega av at korona kom

Eit samandrag av det store annleisåret 2020.

Det skjedde i 2020: Sjølv om koronaviruset prega mykje av nyheitsbildet i året som gjekk, har det skjedd mykje anna i Stranda og Sykkylven i 2020 òg.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Januar

  Foto: Monica Aure Fallingen

Tilflyttarar: Sykkylven: Bastian Skogvold, Karoline Hjelseth og Martin Hole, som alle har budd og studert i Oslo men valt å flytte heim til Sunnmøre, gjekk ut i Sykkylvsbladet i januar og bad kommunen gjere grep for å gjere det lettare å busetje seg i Sykkylven. Dei peika på at det knapt var mogleg å skaffe sentrumsnære tomter og at det generelt sett var vanskeleg å skaffe seg sentrale bustadar.