Kven er dette?
- Namn: Frank Engeset
- Alder: 49 år
- Bustad: Stranda
- Yrke: Trailersjåfør
Han fekk tidleg sjå korleis livet som sjåfør kunne være på både godt og vondt. Frank var 31 år då han mista sin eldste bror Rolf Jarle i ei utforkøyring. Denne arbeidsulykka og andre hendingar i Frank sitt liv gjer at han veit at livet byr på både på opp- og nedturar. På sine nærare 3.000 turar mellom Stranda og Bergen har Frank sett mykje og opplevingane sine deler han gjerne med andre. Latteren sit laust hos Frank og han er eit oppkome av artige historier og finurlege tankar om kvardagslege fenomen. Og dei er det mange av.